top of page

MARIA OSE

Maria (f. 1998) kjem frå vakre Vestlandet, nærare bestemt Sandane i Sogn og Fjordane. Ho har vakse opp i Gloppen kulturskule der ho starta med John Rune Ødven som lærar, og begynte i 2013 på det nasjonale talentprogrammet Barratt Due Unge Talenter i Oslo med professor ved NMH og alt. solofløytist i Oslo-Filharmonien Tom Ottar Andreassen og Randi Krogvold Lundqvist som lærarar. I 2017 starta ho dei utøvande studiane sine ved Norges Musikkhøyskole, før ho etter to år reiste til Tyskland og fortsatte hos prof. Andrea Lieberknecht på Hochschule for Musikk und Teater i München. Maria har hatt permisjon fra studiene sine i München fra januar til oktober 2021 for å sitje som solofløytist i Trondheim Symfoniorkester, men er no tilbake i Tyskland for å fullføre sin bachelor der.

Maria har vunne ei rekke prøvespel, m.a. fleire gonger til talentorkesteret Ung Filharmoni, der ho spelte solofløyte saman med Oslo-Filharmonien, og til talentsatsinga til Valdres Sommersymfoni der ho var Papillonmusiker i 2019 og 2020. Ho har også representert Noreg i Lions European Music Competition, der ho deltok i finalen saman med dei andre førsteprisvinnarane fra 17 europeiske land. Maria har også spelt på meisterklasser med nokre av dei mest anerkjente fløytistane i verda, som William Bennet, Philippe Bernold og Denis Bouriakov. Dirigentar ho har spelt med er Vasily Petrenko, Christian Vasquez, Joshua Weilerstein og James Gaffigan.

Som 15-åring var Maria solist med Kringkastingsorkesteret saman med fløytist og tvillingsøster Ingrid, og duoen har seinare vore solistar ved fleire anledninger. I 2021 er Maria solist både med Arktisk Filharmoni, Kristiansand Symfoniorkester og Stavanger Symfoniorkester.

Maria er ein dedikert kammermusikar og har spelt med fleire store namn som Elise Båtnes, Guro Kleven Hagen, Håvard Gimse og Fransisco Lopez. Ho er aktiv på kammermusikkfestivalar og konsertserier, som Stavanger Kammermusikkfestival, Arctic Chamber Music Festival, Resonans konsertserie, Aulaseriene - der ho fekk gleda av å spele på sjølvaste opningskonserten - og starta våren 2020 opp sin eigen årlege festival på heimstaden Sandane, Ose Kammerspel, saman med Ingrid. Festivalen inkluderer namn som Henning Kraggerud, Christian Ihle Hadland, Andreas Brantelid, Sandra Lied Haga, Eric Lu og Jostein Gaarder.

I tillegg har Maria og Ingrid inngått eit musikalsk samarbeid med fiolinist og komponist Henning Kraggerud, som har arrangert eigne og andre sine verk for og med dei, samt dedisert eit originalkomponert verk for to fløyter til duoen deira. Maria og Ingrid er ofte å høyre på konsertar saman med Kraggerud, både aleine og saman med andre musikarar.

Stipend ho har mottatt er m.a. Drømmestipendet fra Norsk Tipping, Furorestipendet fra Sogn og Fjordane Sparebank, TÆL-stipendet fra Sparebanken Midt-Norge - der ho og Ingrid blei kåra til årets kulturtalent - og fleire stipend fra Skipsreder Wilhelmsens Stiftelse.


bottom of page