INGRID & MARIA OSE

flute

INGRID OSE

Ingrid (f. 1998) kjem frå vakre Vestlandet, nærare bestemt Sandane i Sogn og Fjordane. Ho har vokst opp i Gloppen kulturskule der ho starta som 7- åring med John Rune Ødven som lærar, og har seinare også gått musikklina ved Firda vgs med same lærar. Da ho var 15 år, kom ho inn på det nasjonale talentprogrammet Barratt Due Unge Talenter i Oslo, med professor ved NMH og alt. solofløytist i Oslo-Filharmonien Tom Ottar Andreassen og Randi Krogvold Lundqvist som lærarar. I 2021 var Ingrid ferdig med sin bachelor i utøvende fløyte på Norges Musikkhøyskole der ho hadde Tom Ottar Andreassen og solo piccolofløytist i Oslo-Filharmonien Trond Magne Brekka som lærarar. Hausten 2021 starta ho på ein master i utøvende fløyte ved Conservatoire national supérieur Musique et danse de Lyon i Frankrike, der ho studerer hos prof. Julien Beaudiment.

Ingrid har vunne ei rekke prøvespel, m.a. til talentorkesteret Ung Filharmoni - og har dermed fått spele piccolo saman med Oslo-Filharmonien - og til talentsatsinga til Valdres Sommersymfoni der ho var Papillonmusiker sommaren 2019 og 2020. Hun deltok då som musikar på festivalen saman med store navn som Henning Kraggerud og Eldbjørg Hemsing. Ho har også spelt på meisterklasser med nokre av dei mest anerkjente fløytistane i verda, Andrea Lieberknecht, William Bennett og Denis Bouriakov. Dirigentar ho har spelt med er Vasily Petrenko, Christian Vasquez, Joshua Weilerstein, Jukka-Pekka Sarastre og Eivind Aadland.

Som 15-åring var Ingrid solist med Kringkastingsorkesteret saman med si tvillingsøster Maria, og dei har begge seinare vore solistar ved fleire anledninger. Dei var solistar med Arktisk Filharmoniske i februar 2021 og skal tilbake til orkesteret som solistar i november i år. Ingrid og Maria har i tillegg inngått eit musikalsk samarbeid med fiolinist og komponist Henning Kraggerud, som har arrangert eigne og andre sine verk for og med dei. Både stykke for fløyteduo, kammermusikk og solistverk, i tillegg til eit originalkomponert verk han har dedisert duoen deira. Med Kraggerud spelar dei også konsertar aleine og samen med andre musikarar, og Ingrid var solist med eit av verka han arrangerte til ho med kammerorkesteret ved Norges Musikkhøyskole i oktober 2020.


Ingrid er ein aktiv kammermusikar og har spelt saman med bl.a. Håvard Gimse, Christian Ihle Hadland, Camilla Kjøll og Juliet Joplin. Ho har spelt mykje på kammermusikkfestivalar og konsertserier som Stavanger Kammermusikkfestival, Arctic Chamber Music Festival, Resonans konsertserie og Aulaseriene - der ho fekk gleda av å opne heile serien saman med m.a. Henning Kraggerud og Gunnar Flagstad - og starta våren 2020 opp sin eigen kammermusikkfestival på heimstaden Sandane, Ose Kammerspel, saman med søstera Maria. Festivalen inkluderar namn som Henning Kraggerud, Christian Ihle Hadland, Petter Richter, Eric Lu, Andreas Brantelid og Jostein Gaarder. I 2019 blei Ingrid godkjent som vikar i Den norske opera og ballett i Oslo, og har spelt både fløyte og piccolo på oppsetningar som Nøtteknekkeren, Anna Karenina og Mahlers 8. symfoni. Ingrid har også spelt piccolo i operaorkesteret i Lyon.

Ingrid har mottatt ei rekke stipend, m.a. Drømmestipendet frå Norsk Tipping, Furorestipendet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, TÆL-stipendet frå Sparebanken Midtnorge der ho og Maria også blei Årets kulturtalent, og fleire stipend frå Johnny Ellings Legat og Skipsreder Wilhelmsens Stiftelse.